innpatunetlogo.png

Akslahaugen

Aina K. Tangen

Godkjent siden
24/04/2013

6475 Midsund

Eit levande gardstun

Akslahaugen er eit levande gardstun med sauedrift, hestar, høner, kaninar, gris, geiter og kattar. Vi har skulehage, åker for dyrking av poteter og grønsaker, frukt og bærtre og juletreproduksjon.

Vi starta opp med inn på tunet i 2008 og har sidan då brukt garden som læringsarena for skulane i kommunen, både heile skuleklassar og enkeltelevar. I tillegg har vi dagaktivitetstilbod til personar med demens, psykisk utviklingshemmede og personar på arbeidstrening.

Vi som arbeider på tunet har lang erfaring i arbeid med barn, unge og eldre. Vi er utdanna adjunkt, vernepleiar, aktivitør og sangpedagog. Vi legg til rette for positive, meiningsfylte og trygge opplevingar med fokus på meistring og trivsel i dei ulike tilboda på garden. Dei allsidige aktivitetane blir tilpassa kvar enkelt brukar. Vi legg mest vekt på nærkontakt med dyr, fysisk aktivitet, eit heimekoseleg miljø, sunne måltid, musikk og humor.

  • Space
  • Space
  • Space
  • Space

For spørsmål, send epost til post@innpatunetmr.no