innpatunetlogo.png

Støbakkvik Gard

Linda Austnes

Godkjent siden
05/02/2014

Støbakkvik
6055 Godøya

Støbakkvik Gard ligg fint til på Godøya, med flott utsikt mot Ålesund, som berre er ein 20 minutts køyretur unna. Garden ligg i gangavstand til både fjelltur, skogstur og fjøretur, noko som vi liker å bruke ofte. Vi ynskjer å gi eit tilrettelagt og kvalitetsikra tjenestetilbud som skal gi meistring, utvikling og trivsel og har derfor samla vår visjon i 5 T-ar:

Tid, Tillit, Trivsel, Tryggheit, Tilhørigheit.

Tenk å ha tid til eit godt måltid saman, eit fellesskap av born og voksne er ein verdifull livskvalitet. Flott å møte tilliten frå dei voksne og ikkje minst frå dyra og høyre deira fornøgde vrinsk og grynt – dei har bruk for meg! Å arbeide i eit fellesskap i samspel med dyr og natur, er eit godt grunnlag for trivsel. Når kvardagen gir utfordringar eg ser eg kan meistre, kjenner eg meg trygg. Då er det godt å vite at dyr og arbeidskameratar gler seg til å treffe meg, det er ekte tilhørigheit.

Dette gir livskvalitet til menneske i alle faser av livet.

  • Space

For spørsmål, send epost til post@innpatunetmr.no