Inn på tunet Møre og Romsdal hadde årsmøte på Hotel Vårsøg i Surnadal 9.mars.

Solveig Haglund frå Oppistua Øye i Surnadal held fram som leiar. Nye styremedlemmer er Grete Iren Moen frå Stall Moen i Sykkylven og Reidun Morewood frå Oddlia på Eidsøra. Aina Kirkeland Tangen frå Akslahaugen i Midsund held fram som styremedlem. Varamedlemmar er Ragnhild Liabø Fjeldstad frå Negarden i Halsa, og Helga Bele frå Bele Jostua i Surnadal.

Marja Vik held fram som revisor.

Ny i valkomiteen er Linda Alnes Optun frå Alnes gard på Godøy. Ove Solomdal frå Solemdal Gard i Skåla, og Marja Vik held fram i valkomiteen.

Etter årsmøtet var det medlemsmøte der vi presenterte smakebitar frå verdiskapingsanalysa som er under arbeid. Vi presenterte også strategi for Inn på tunet Møre og Romsdal, og diskuterte plan for involvering av medlemmane i arbeidsgrupper. Til slutt drøfta vi framlegg frå arbeidsgruppe kompetanse til dato og innhald for fagsamling på Molde.

Etter ein liten pause der vi fekk kome oss på plass på romma møtte vi til middag på hotellet, og det vart servert nydeleg ureist grisekjøt med tilbehør.

 

 

Del denne siden på Facebook

For spørsmål, send epost til post@innpatunetmr.no