Onsdag 01. november var medlemmane frå Sunnmøre samla hjå Bjørg og Odd Velle på Eliasgarden i Sykkylven. Agendaen var diskusjon av strategi og rett og slett ha litt hyggeleg kollegialt samver.  Dei som var til stade utanom vertskapet var Grete-Iren Tandstad Moen frå Stall Moen, Marita Tynes frå Rasmusgården, Bente Krumsvik Hide frå Bøen Gard og Terese Jemtegård Moen frå Fjordhagen AS.

Eliasgarden ligg so og seie midt i Sykkylven sentrum men samstundes idyllisk og tilbaketrukke frå mas og kjas. Garden har mjølkekyr og Inn på tunet tenester, der det i hovudsak er skuleelevar som nyttar seg av IPT tenestene. Bjørg er fast tilsett som lærar i Sykkylven kommune men har arbeidsplassen sin på garden. Elevane kjem heim på garden og dei brukar både fjøsen, garasjeloftet og setra som tilhaldsstad.

Det starta allereie på 80 talet, før Grøn Omsorg eller Inn på tunet var kjend som begrep. Når elevane måtte ha ei pause , så fekk dei kome inn i fjøset til Odd og der fann dei ro og fred frå ein vanskeleg kvardag. Dette var sjølvsagt gratisarbeid på den tida, men i dag tykkjer dei at ordninga med kommunen gir dei eit godt økonomisk fundament å drive vidare på.

Vi fekk servert nydeleg hjortegryte og sjokoladekake og den gode maten skapte hyggeleg stemning rundt bordet, og det var difor lett å få deltakarane i gong med prat og synspunkt. Vi diskuterte vår eigen kvardagssituasjon med uforutsigbare økonomiske rammer som gjerne fører til usikkerheit i forhold til om ein skal tørre å satse fullt ut på IPT. Vi kom inn på det nye studietilbodet frå Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling som vi håpar skal gi oss meir ballast med tanke på økonomi, prising, kjøparadferd osb. Og vi hadde oss ei arbeidsøkt og diskuterte Inn på tunet Møre og Romsdal sin strategi.

Vi fekk i oppgåve med Terese å skrive ned på gule lappar styrker, svakheiter, mulegheiter og truslar (swot) som vi oppsummerte i plenum etterpå. Så drøfta vi Inn på tunet MR sin visjon – medlemmane sin draum for Inn på tunet Møre og Romsdal i framtida – verdiar og innsatsområde.

Tysdag 28.november var fleire Nordmørs-bedrifter og ei Romsdals-bedrift samla til regionalt medlemsmøte hos tilbydar Helga Bele på Bele Jostua i Bæverfjord; Sigmund Moen Trønsdal frå Trønsdal Østibu i Rindal, Ann Elisabet Holten Solem frå Solem gård i Surnadal, Ragnhild Liabø Fjeldstad frå Negarden i Halsa, Reidun Morewood frå Oddlia i Eidsvåg og Solveig Haglund frå Oppistua Øye i Surnadal.

Bele Jostua ligg fint til i grenda Bele i Bæverfjord. Garden har ammekyr og Inn på tunet-tenester. Tilbodet består av dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demens, språk/arbeidstrening for innvandrarar og tilbod innan barnevern. Helga har akkurat fått ferdigstilt det nye huset, Masstua, som mellom anna skal nyttast som Inn på tunet-lokale. Vi fekk omvisning i huset, som har tre soverom, bad og stove/opphaldsrom/kjøkken. Helga serverte deilig mat som ein av gründarane i arbeidstreningsprogrammet for flyktningar hadde laga, og praten med erfaringsdeling og strategiøkt kom godt i gang rundt bordet.

 

 

Del denne siden på Facebook

For spørsmål, send epost til post@innpatunetmr.no