På Godøya er vi så heldige å ha eldsjeler som står på for fellesskapet. Siste åra har det vore lagt ned uendelig mange dugnadstimar for å lage tursti langs fjellfoten. Og langs stien finn vi både benker og ein gapahuk der ein kan ta ein liten rast og berre nyte utsikta og skogsroa. Går du nesten til enden kjem du til ei bru der sjølvaste Bukkane Bruse står og tergar på seg trollet som bur under brua. Flott utskorne med motorsag av ei nevedyktig dame!

Ein dag i september la ein gjeng frå Støbakkvik Gard ut på lang ridetur langs fjellfoten.  Fjordingen Herda, Nordlandshesten Knerten og Shetland-Welch ponnien Micro koste seg der dei gjekk  med spente og glade brukarar på hesteryggen. Ved gapahuken var det tid for matpakke og grilling. Alltid like godtJ På slike turar er det flott å legge inn litt naturfagkunnskap også, og branntrekanten blir alltid repetert ved bål brenning.

At det regna gjorde ingenting, vi varma oss ved bålet.

Del denne siden på Facebook

For spørsmål, send epost til post@innpatunetmr.no