I år var vi spesielt heldige, og fekk med oss stortingsrepresentant Jenny Klinge (SP) på besøk rundt til tre av våre medlemsbedrifter 10.mars. Inn på tunet Møre og Romsdal arrangerer alltid ein runde med gardsbesøk som ein del av årsmøtekonferansen.
Dagen starta med besøk på Solem gård der tilbydar Ann Elisabet Holten Solem tok i mot oss på gardstunet. Vi fekk kome inn i stabburet og fekk servert lefse og forfriskningar. Ann Elisabet fortalde om den rikhaldige gardshistoria og Inn på tunet-tilbodet på garden. Vi fekk løfta fram både utfordringar og potensiale for Inn på tunet-næringa vidare framover.
Deretter gjekk turen innom Solveig Haglund på Oppistua Øye. Vi fekk vere med inn og sjå Inn på tunet-lokalet som ho brukar i sine tilbod; allmennpedagogisk tilbod til barneskule, dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demens, og tilbod om etablereropplæring til innvandrarar. Solveig tek også i mot ein del andre grupper for aktivitet- og opplevingsdagar gjennom året. Det vert for tida bygd eit glashus på garden, som gjer det enklare å ta mot større grupper, uavhengig av ver og vind. Glashuset vil også utvide vekstsesongen for grønnsaker/blomster. Vi fekk kome inn å sjå, og ser verkeleg for oss at dette kjem til å bli eit godt og populært rom.
Til slutt besøkte vi Helga Bele på Bele Jostua i Bæverfjord. Helga tok imot oss i det splitter nye Inn på tunet-huset som ho har bygd til brukarane av sine tilbod; avlasting barnevern, dagaktivitetstilbod for personar med demens og tilbod om etablereropplæring til innvandrarar. Helga serverte oss nydeleg fiskesuppe, og vi fekk god tid til å høyre om hennar tilbod og om alle dei gode effektene som Inn på tunet-tilboda har både for samfunnsøkonomi og for brukarar og deira pårørande.