Negarden var vertskap for flyktningehjelpa i Halsa sitt sommarprogram 2017. Flyktningane fekk vere med i fellesskapet under arbeid og måltid, ut på tur og på sommarfest. Underveis hadde dei også samtaler, undervisning om samvirke, matlaging og kosthald.

Ein av dei kjekkaste aktivitetane var sommerfest med iste av mynthe som velkomstdrikk i det gamle vedskjulet. Det vart servert rømmegraut med spekemat og rabarbrasaft i eit sommerpynta «Kurium». Til dessert var det pærer frå hagen, med eksotiske krydder og vaniljeis. Deltakarane bidrog med sang og drama som underhaldning. Til slutt var det utdeling av diplom til dei unge, flinke og modige menneska som hadde reist langt.

Del denne siden på Facebook

For spørsmål, send epost til post@innpatunetmr.no