Menneske med psykisk utviklingshemming er ei stor og ueinsarta gruppe der dei individuelle skilnadane er mange. Dei kvalitetssikra og godkjende Inn på tunet-tenestene tilpassar aktivitetane på garden slik at kvar enkelt får oppleve glede, utvikling og meistring på sitt nivå.
Inn på tunet Møre og Romsdal vil takke Nanseth Media som har laga filmen for oss, Innovasjon Norge for støtte til filmprosjektet, og tilbydarar og brukarar som medverkar i filmen.