Inn på tunet-gardane i Møre og Romsdal er ein trygg plass der barn og unge kan vere seg sjølv, og få oppleve meistring, utvikling og trivsel. Dei kvalitetssikra og godkjende Inn på tunet-tenestene tek utgangspunkt i heile garden, livet og arbeidet der. Her er det tid nok til alle, og borna får lære meir om livet på ein gard, med alt som rører seg der. 

Vi rettar ein stor takk til Nanseth Media som har laga filmen for oss, Innovasjon Norge for støtte til filmprosjektet, skodespelarar og dei som har gjeve stemmer til filmen. Nyt filmen om barnevern i Inn på tunet Møre og Romsdal og les meir om gardane og tilboda våre her på heimesida vår!

Del denne siden på Facebook

For spørsmål, send epost til post@innpatunetmr.no