Torsdag 22.juni kl 12.30-17.30 arrangerer Inn på tunet Møre og Romsdal fagsamling for sine medlemmar hos tilbydar Ragnhild Liabø Fjeldstad på Negarden i Halsa.
Her blir det omvisning og orientering om Inn på tunet-tilbodet på Negarden, innlegg om merkevarebygging ved Oda Opheim Vinge frå Anunatak, gjennomgang av Høgskulen for bygdeutvikling sitt nye studium for forretningsutvikling for Inn på tunet-tilbydarar og sist men ikkje minst god mat og erfaringsdeling.
Potensielle nye medlemmar i Inn på tunet Møre og Romsdal er også velkomne til å melde seg på!