Etter mange år med rideturar langs meir eller mindre trafikkerte vegar, har vi endelig kome igong med å bygge ridebane. Det blir eit godt og nødvendig tilskudd til garden og drifta. Med mange brukarar og ulike interesser, vil vi no kunne kombinere fleire aktiviteter samtidig i større grad enn før. Grunnarbeidet er ferdig, duken er delvis på plass og toppdekket har kome på deler av bana.

To flinke gutar frå 7. klasse var med og støypte ned alle pålane og dei var mektig imponert og stolt over eigen innsats! Endå er det mykje godt arbeid med å bygge gjerdet rundt, noko brukarane sjølvsagt skal vere med på. Det er med å styrke ein av våre 5 T-ar: Tilhørigheit.

Dei andre 4 T-ane i vårt Innpå Tunet tilbod er : Tid, Tillit, Trivsel og Tryggheit. Ridebana vil nok vere med å styrke desse også, og mange jenter har alt spurt om å få stå i stall-jente-kø!

Del denne siden på Facebook

For spørsmål, send epost til post@innpatunetmr.no