I helga var medlemsbedriftene Inn på tunet-bedrifter samla til årsmøte på vakre Værabua i Midsund. Ein vakker stad like i nærleiken av Akslahaugen gard som driv med allsidig tilbod av Inn på tunet-tenester. På omvisninga og gardsbesøket på Akslahaugen laurdag deltok også stortingsrepresentant Helge Orten og ordførar i Midsund kommune Odd Helge Gangstad. Dei fekk presentert verdiskapingsanalysa som Inn på tunet Møre og Romsdal har laga med støtte frå fylkesmannen i Møre og Romsdal og kom med gode tilbakemeldingar og råd om korleis ein må arbeide vidare opp mot kundane for at næringa skal vekse og ta ut det potensialet som fins. Verdiskapingsanalysa kan du laste ned her.

Årsmøtet vart gjennomført fredag kveld. Leiar Solveig Haglund takka av, og Reidun Morewood frå Eidsvåg vart vald som ny leiar. Grete Iren Moen frå Sykkylven held fram som styremedlem, og to nye styremedlemmar kjem inn; Marita Risvik Tynes frå Sykkylven og Hildegunn Knardal frå Syvdsnes.

Del denne siden på Facebook

For spørsmål, send epost til post@innpatunetmr.no