Torsdag 22.november samla Inn på tunet Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Møre og Romsdal 16 personar til fagsamling om Inn på tunet på fylkeshuset på Molde. Både kjøparar, samarbeidspartnarar og nye og eksisterande tilbydarar var til stade.

Bjørn Austad Hvaleby er fagsjef for KSL i Matmerk. Han orienterte om korleis dei i Matmerk jobbar med å gjere godkjenningsordninga for Inn på tunet så god som mogleg. Det er no laga ein ny og forbetra registreringsportal for dei som er klare for å melde seg opp til godkjenning. Dei som er i tidlegfase og «lurar på» om dei skal drive med Inn på tunet-tenester okan ta kontakt anten med fylkesnettverket Inn på tunet Møre og Romsdal eller fylkesmannen si landbruksavdeling for å skaffe seg meir informasjon og førebu seg til godkjenningsfase. Hvaleby framheva kor viktig det er at tilbydar er fullt motivert for å drive med Inn på tunet-tilbod og er blide, positive og imøtekomande når dei skal i gang med innsalget. Det er viktig å framstå profesjonelt overfor kjøpar, Inn på tunet-godkjenningsordninga er eit viktig ledd i dette slik kjøpar er overtydd og kjenner seg trygg på at nødvendige rutiner er på plass.

Sverre Veiset frå helse- og sosialavdelinga ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal snakka om kva utfordringar som kjem i åra framover med tanke på flyktningsituasjonen og behovet for tenester opp mot dette. Generelt sett oppmodar ikkje fylkesmannen kommunar under 5000 innbyggjarar om å ta mot flyktningar. Det er på gang ei reform der IMDI sine funksjonar truleg vert overført til fylkeskommunen. Ift. Introduksjonsprogrammet er det eigentleg berre fantasien som set grenser for kva tiltak/aktivitetar som kan gjennomførast. IMDI sit på kunnskap og tilskotsordningar opp mot dette feltet, ta kontakt med dei om ei nhar spørsmål.

Greta Hanset, også frå helse- og sosialavdelinga ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal, snakka om tilskotsordninga frå helsedirektoratet til dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demens. Det vil heilt klart vere store behov frå kommunane framover for tenester innanfor dette området. Det er lovpålagt å gje pårørande avlasting, og det vil truleg også bli lovpålagt å tilby dagaktivitetsplassar for heimebuande personar med demens. Ei utfordring som kommunane har er å ikkje gå i «hjelpefella», dvs. å ikkje passifisere brukarane sine, men å hjelpe dei til å klare seg best mogleg sjølv. Vi lever stadig lenger, og antal personar med demens aukar. Samstundes er det ei utfordring for kommunane å skaffe nok kvalifisert helsepersonell framover. Det er ikkje er hensiktsmessig at helsepersonell skal bruke tid på å hente heimebuande personar til eit dagaktivitetstilbod på sjukeheimen. Det kan også ofte vere slik at det er vanskeleg å rekruttere heimebuande deltakarar til dagaktivitetstilbod fordi dei er redd for «å hamne på sjukeheimen». Her kan Inn på tunet vere eit veldig godt tilbod! Greta oppfordra tilbydarane om å ta kontakt med kommunane sine, både heimkommune og nabokommunar, for å tilby sine tenester. Det fins kommunar som er på jakt etter slike tilbod!

Kolbjørn Taklo frå Norsk landbruksrådgjeving snakka om viktigheita av HMS-arbeid på gardane og gav oss mange gode døme på korleis ein må tenkje kring risikoanalyse – ha så god kontroll på risikoane som mogleg. Norsk landbruksrådgjeving har fleire aktuelle kurs for Inn på tunet-tilbydarar, både HMS-kurs som er pålagt at alle bedriftsleiarar har, men ikkje minst kurset dei har som førebur alle som ynskjer å bli godkjent som Inn på tunet-tilbydarar «frå godkjenning til marknadstilgang». Kolbjørn anbefalte alle Ipt-tilbydarar også å ta kurs i forretningsutvikling/bedriftsleiing. Det fins mange slike kurs i Møre og Romsdal gjennom året som hoppid.no arrangerer.

Terese Jemtegård Moen er innleigd som organisasjonskonsulent for Inn på tunet Møre og Romsdal, og presenterte verdiskapingsanalysa som Ipt MR har gjennomført det siste året. Dette prosjektet har fått støtte frå landbruksavdelinga ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal, og har kartlagt demografi, omsetning, sysselsetting, lønsemd, samfunnsøkonomisk innsparing for kjøparar, ringverknader og framtidspotensialet for Inn på tunet-næringa i fylket.

Del denne siden på Facebook

For spørsmål, send epost til post@innpatunetmr.no