I samarbeid med Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer Inn på tunet Møre og Romsdal kjøparar, tilbydarar og samarbeidspartnarar til fagsamling innanfor feltet Inn på tunet-tenester i Møre og Romsdal.
Samlinga blir på fylkeshuset på Molde 22.november kl 1030-1430.
Innhaldsrikt fagprogram med innleiarar både frå Matmerk, helse- og sosialavdelinga ved Fylkesmannen og Norsk landbruksrådgjeving.
Inn på tunet Møre og Romsdal vil også presentere resultata av verdiskapingsanalysa som dei har gjennomført i 2017-2018.
Gratis deltaking. Påmelding til post@innpatunetmr.no innan 20.november.
Sjå program her