innpatunetlogo.png

Bøen Gard

Bente og Trond Hide

Godkjent siden
15/02/2016

Hide
6083 Gjerdsvika

Bøen Gard ligg på Hide i Gjerdsvika ytterst ute mot storhavet på søre Sunnmøre. Garden ligg vakkert til mellom fjøre og fjell, og vertskapet heiter Bente og Trond.

Sauene gir grunnlaget for all aktivitet på garden. Inn på tunet brukarane får ta del i stellet av dyra og vi følgjer syklusen til garden gjennom alle årstidene. Aktivitetane til den einskilde brukaren blir i fyrste rekke bestemt av brukaren sine interesser og behov. Vi har eit lågterskel-tilbod som dei aller fleste passar inn i, og vårt mål er å gi alle brukarane trivsel, tryggheit og meistring pakka inn i gode opplevingar og samhandling med oss og dyra.

Vi tilbyr også aktivitetar som ikkje involverar dyr. Fisking og båtturar er svært populært, også mekking og testing av garden sine køyretøy. Trond likar godt rock’n roll og fjellturar, og vi har arrangert rockekonsertar både i fjellet og i fjøra. Bente er flink til å lage mat, og matlaging er blitt ein viktig aktivitet for bl.a. skuleelevane våre. Vi brukar råvarer frå garden og tryllar fram dei lekraste rettar. Gode matopplevingar er sunt for både kropp og sjel. Vi har eit eige avlastningslokale på garden som blir nytta av både ungdom og vaksne.

For spørsmål, send epost til post@innpatunetmr.no